Folgen

  • Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning
    May 11 2026

    Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstra tankar i overtida, heldt Bryne unna og sikra ein etterlengta triumf på Austlandet.

    I denne episoden av Edder & Galle går podkast-duoen gjennom kampen og svarar på det alle lyttarane lurer på: Er dei eigentleg nøgde med det dei fekk sjå på Melløs? Stemninga er i alle fall god når praten kjem inn på spalta «Tippetips», der duoen igjen traff blink og held fram den sterke starten.

    Til slutt rettar dei blikket framover mot neste utfordring: kamp på fotballens nasjonaldag, 16. mai, heime mot Strømmen. Kan Bryne byggja vidare på sigersrusen heime på Bryne Stadion?

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    33 Min.
  • Frå cruise control til bremsesvikt i overtida
    May 4 2026

    Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal burde vere spikra og klart, ferdig snakka, takk for i dag. I staden blir det to baklengs langt inn i overtida, og plutseleg sit alle og stirer tomt ut i lufta og lurer på kvifor dette alltid skjer. Det luktar ikkje berre svidd, det luktar litt sjølvpåført dramatikk.

    I spalta for anonyme spørsmål kjem det inn mykje av det same: kva er det eigentleg som føregår i dette laget? Er det konsentrasjonen som forsvinn, eller er det berre ein slags kollektiv trong til å gjere kampane unødvendig spennande? Panelet prøver å svare så godt dei kan, men det blir med eit forsiktig nivå. Ingen går heilt i strupen på nokon, sjølv om det kanskje klør litt.

    Så var det tippe-spalta, ja. Eit lite lysglimt i alt dette. Starten i år har faktisk vore brukbar, i alle fall om ein justerer for fjoråret, og det gjer dei veldig gjerne. Sjølvtilliten er tilbake, i alle fall høg nok til å setje nye tips utan å rødme altfor mykje.

    Til slutt rettar dei blikket mot neste kamp, borte mot Moss på Melløs. Det blir snakka om eit lag som kjem til å gi Bryne kamp, og at dette neppe er plassen for å eksperimentere med nye måtar å sleppe inn mål på heilt på slutten. Kanskje oppskrifta denne gongen er å spele i 90 minutt pluss tillegg, ikkje berre 85. Det hadde vore ein fin start.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    58 Min.
  • Ein tung jubileumskveld på Bryne Stadion
    Apr 27 2026

    I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande kjensla: skal det glippe igjen i dag og?

    Dessverre fekk den kjensla rett. På verst tenkeleg vis sette Odd inn sigersmålet på overtid, og Bryne stod att med null poeng i sin eigen 100-årsjubileumskamp. Det gjorde vondt. Skikkeleg vondt.

    Som alltid deler me ut børs, kven stod fram, kven må opp eit hakk, og kva kan me ta med oss vidare?

    Allereie fredag 1. mai ventar ein ny sjanse, når Sogndal kjem til Bryne Stadion. Eit lag som og slit, men som kjem med tre poeng i bagasjen. Dette er ein kamp Bryne må vinne, enkelt og greitt. Me håpar, me trur, og me kjenner på spenninga saman med dykk. Senk skuldrene litt saman med oss i denne episoden, og så håpar me at me sjåast på stadion.

    Før me rundar av, tek me oss ogtid til å heidre Sverre Sele. Ein ekte heidersmann som har sett djupe spor i klubben. Bli med oss heilt til slutt.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    37 Min.
  • Ein start å gløyme men ein episode å høyre
    Apr 22 2026

    I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega av frustrasjon, og gutane prøver å setje ord på kva som eigentleg ikkje fungerer. Dei er innom både spelet, enkeltprestasjonar og mangelen på flyt, og det blir tydeleg at dette ikkje berre kan forklarast med uflaks.

    I spalta anonyme Snapchat spørsmål slepp lyttarane til med det dei meiner. Her kjem det mange direkte og ufiltrerte spørsmål, og fleire er opptekne av ein situasjon som skjedde etter kampen. Duoen meiner sjølv at den har blitt blåst litt ut av proporsjonar, og dei gir sitt syn utan å legge så mykje imellom. Elles går det i spørsmål om kva som bør endrast, både taktisk og i laget, og svara er like ærlege som spørsmåla.

    Mot slutten snakkar dei om helga og jubileumskampen til Bryne. Det blir jubileumsdrakt og opplegg før kamp i Telt E utanfor stadion. Kampstart er klokka 20:00, så her handlar det berre om å få seg billett og møte opp. Sjølv om starten har vore tung, er bodskapen klar, dei har ikkje gitt opp, og håpar mange andre heller ikkje har gjort det.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    56 Min.
  • Poengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten
    Apr 17 2026

    I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken fram att, for prestasjonane held ikkje mål. Sjølv om det finst nokre lyspunkt i laget, er dei for få, og panelet etterlyser meir stabilitet og framgang.

    Blikket blir retta mot helga, der Bryne skal til Egersund for å møte EIK. Det blir venta ein tøff og fysisk kamp, og Bryne må vere skjerpa frå start om dei skal ha håp om poeng.

    Eit klart lyspunkt i episoden er tippe-spalta. Allereie i runde to har dei treft blink, og spenninga er knytt til om Hobberst held fram med suksessen, kanskje med ein ny Odd-gevinst eller om han prøver noko nytt. Samstundes har Per Tore fått full utteljing med si tru på Moss denne gong, og det er uvisst kva han går for i denne runden.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    33 Min.
  • Bitre siffer, nye kampar og historisk drakt
    Apr 9 2026

    I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet?

    Det vart heller ikkje full klaff for podkast-duoen i tippe-spalta. Berre ein av to kampar sat. Men dei gir seg ikkje, og prøver igjen!

    I tillegg snakkar dei om den komande heimekampen mot Ranheim, og den nye 100-årsdrakta blir vurdert og diskutert.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    54 Min.
  • Seriepremiere, spenning og store forventningar
    Apr 2 2026

    No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp.

    For å hjelpe dykk gjennom dei siste dagane før avspark har vi sett saman ein episode stappa med godt innhald. Her får de vårt store tabelltips før sesongstart, dei etterlengta tippetipsa er tilbake, og vi peikar ut fleire spel vi meiner det kan vere verdt å sjå nærare på.

    Sjølvsagt tek vi også ein grundig prat om den komande kampen mot KIL og kva vi kan vente oss når sesongen endeleg sparkast i gang.

    I tillegg får de høyre frå fleire spennande stemmer rundt laget og klubben. I denne episoden møter de Remi Svinland, Nicklas Strunck, Lars Erik Sødal, Kristoffer Hay, Paya Pichkah, Jacob Haahr Steffensen og trenar Ørjan Heiberg.

    Dette er episoden du må få med deg før serieopninga.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    1 Std. und 47 Min.
  • Frå cupskuffelse til draktdebatt
    Mar 23 2026

    I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegheitene var der, men det mangla litt på dei avgjerande vala og det siste trykket framover. Likevel er det ikkje berre svartmaling, laget går av bana med heva hovud og har mykje å byggje vidare på.

    Vidare tek me for oss nokre innsendte spørsmål frå lyttarane. Eit av dei store temaa er troppen slik han ser ut no, om ein skal halde fram med det ein har eller om det trengst friskt blod. Me diskuterer om stallen verkeleg er så spennande som nokre meiner og kjem med våre eigne tankar som kanskje ikkje er heilt det du forventar.

    Til slutt snakkar me om den nye Bryne-drakta. Førsteinntrykket var positivt, men etter litt meir ettertanke byrjar me å sjå ho med litt andre auge. Har me vore for raske til å dømme eller for snille?

    Alt dette og litt til får du i denne episoden av Edder & Galle.

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    43 Min.