Vågespel Titelbild

Vågespel

Vågespel

Von: Reidun Horvei Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber
Jetzt kostenlos hören, ohne Abo

Nur 0,99 € pro Monat für die ersten 3 Monate

Danach 9.95 € pro Monat. Bedingungen gelten.

Über diesen Titel

Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson. Støtta av Fritt Ord.Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber Welt
  • E10: Tankar om migrasjon
    Jun 28 2025

    I denne siste episoden av Vågespel spør me: korleis kan historiane om dei norske utvandrarkvinnene utvida vår eiga forståing av migrasjon i vår tid?

    I dei tidlegare episodane har me høyrt om norske kvinner frå 1800-talet som våga å kryssa havet, borne av håp og vilje til å skapa seg eit nytt liv i eit framandt land. Også migrantane i det 21. hundreåret søkjer og håpar på eit betre liv i eit fjernt land, og møter mange av dei same utfordringane: språkbarrierar og kulturar med skikkar og normer som kan vera vanskelege å forstå og finna seg til rette i.

    Brev, dagbøker og livsforteljingar i Vågespel har stundom strekt seg over tiår, og gjev oss eit innblikk i korleis identiteten til ein migrant vert forma i spennet mellom røtene ho ber med seg, og alt det nye ho må tilpassa seg.

    Og me spør: Kan historia hjelpa oss til å møta dei som i dag legg ut på si eiga reise over grensene, med større forståing og medkjensle?

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord


    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    24 Min.
  • E9: Eit lappeteppe
    Jun 28 2025

    I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar - Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song.

    Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kvinneforeiningar – fellesskap som bar både kvardagsliv og tru. Me får høyra korleis dei bar kultur, språk og tradisjon vidare – frå hand til hand, frå mor til dotter, frå ei stove på slettene til ei kyrkje i storbyen.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    41 Min.
  • E8: Det byrja med eit brev
    Jun 14 2025

    I denne episoden ser me korleis forventningar, kjærleik og fridomen til å ta eigne val vart avgjerande i liva til norske utvandrarkvinner. For nokre låg neste steg som ein invitasjon i eit brev—eit bilete, eit løfte, eit håp. Me får høyre om det enkle præriebryllaupet til Lina Svåi og ekteskapet til Inga Brekke med ein velståande skotsk handelsmann i Sioux Falls.

    Gjennom historia til desse kvinnene ser me korleis ekteskapet kunne vera både ein tilflukt og ei bør, og kor vanskeleg det var å finne veg mellom norsk pliktkjensle og amerikansk fridom. I sentrum står Oline Muus—ei kvinne som utfordra både ektemann og kyrkje i retten, og bana veg for norske kvinners rettar i Amerika.


    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Mehr anzeigen Weniger anzeigen
    37 Min.
Noch keine Rezensionen vorhanden