Ein rosa engel med ballar!
Artikel konnten nicht hinzugefügt werden
Der Titel konnte nicht zum Warenkorb hinzugefügt werden.
Der Titel konnte nicht zum Merkzettel hinzugefügt werden.
„Von Wunschzettel entfernen“ fehlgeschlagen.
„Podcast folgen“ fehlgeschlagen
„Podcast nicht mehr folgen“ fehlgeschlagen
-
Gesprochen von:
-
Von:
Über diesen Titel
Under innspelinga av podkasten med Hanna Gjeilo Skjåkødegård i Smiu på Bismo i Skjåk, dukka Aud Hove (Sp) – gruppeleiar i Innlandet fylkesting – uventa opp med ei julegåve. Ho ønskte å heidre Hanna for den kompromisslause innsatsen ho har lagt ned som leiar av TAFI ( Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet ), og for arbeidet med å sikre framtida til Jotunheimen Privatistskole i Lom.
Etter ved Arbeidarpartiet, Høgre og MDG i Innlandet fylkesting vedtok å legge ned Lom vidaregåande skule hausten 2024, har Hanna stått støtt i front. Med uredd, sakleg og tydeleg stemme har ho arbeidd målretta saman med både private, stortings- og fylkespolitikarar, samt næringslivet, for å få Jotunheimen privatiskule offentleg godkjend og statsstøtta – på lik linje med andre private vidaregåande skular i Noreg.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
